Installasjon av Debian GNU/Linux 13 for amd64

Vi er glade for at du har valt å prøve Debian og vi er sikre på at du kjem til å synast at Debian sin GNU/Linux distribusjon er unik. Debian GNU/Linux fører saman høgkvalitets fri programvare frå heile verda og integrerer dei i ein samanhengande heilskap. Vi trur at du vil finne at resultatet er meir enn summen av delane.

Vi skjønar at mange av dykk ønskjer å installere Debian utan å lese denne manualen først og installasjonsprogrammet til Debian (Debian installer) er laga for å mogleggjere det. Viss du ikkje har tid til å lese heile installasjonsmanualen no, så rår vi deg å lese installasjonsrettleiinga. Ho vil hjelpe deg gjennom ein grunnleggjande installasjonsprosess. Ho inneheld også peikarar til manualen for meir avanserte emne eller for ein stad å sjå når ting går gale. Installasjonsrettleiinga finn du i Tillegg A, Installation Howto.

Når det er sagt, så håpar vi du har tid til å lese mesteparten av denne manualen. Ved å gjere det vil du truleg få ei meir opplyst og truleg betre installasjonsoppleving.